Årets Stangvikfestival let oss fråtse i kulturopplevingar. Laurdagens kyrkjekonsert låg på øvste hylle. Festivalens utøvarar er kvar for seg på landslagsnivå. Når dusinet av dei samlast og formidlar musikk i verdensklasse, er det ei stor gåve å vera mottakar. Mange nytta sjansen i Stangvik-kyrkja.
Lekre finske sommarfuglar Vel kravde programmet opne sinn. Det var utan «svisker». Dess sterkare inntrykk sit att.
Cellist Live Sunniva Smidt opna med fire «Papillons» (Sommarfuglar) av finske Kaija Saariaho (1952-2023). Solisten leika fram klangbilete i alle sommarfuglens fargar med brilliant celloteknikk – strøk, pizzicato, glissandi og luftig, fløytande flageolettar.
Mellom originalsatsane (verket er for cello solo) improviserte perkusjonistane Jo Inge Nes og Jarle Vespestad saman med solisten. Fascinerande effekter, smakfullt utført – men litt utafor Saariahos tonemåleri av sommarfuglane.
Accordeon – utan grenser
Accordeon – trekkspel med melodibass – er uttrykksfullt, særleg i hendene på ein utøvar og komponist som Jovan Pavlovic. Hans to stykke gjengav personlege opplevingar av svært ulikt slag. Både takt- og toneartar særprega «Limping Butterfly» (Haltande sommarfugl) og «Boundless» (Utan grenser). Hans kommentar til den siste, etter eige opphald i Palestina, gav musikken ein ekstra dimensjon.
Rap og trompetblues
«Fremmed fugl» (frå boka om, og songen av, Åge Aleksandersen) bestod i rap-prega deklamasjon av Trond Wiger med tonekulisser på bass (Erlend Smalås) og cello (Live Smidt). Tekstens sterke opprør mot diskriminering ville med bruk av mikrofon kanskje nådd betre ut til alle? Trompetisten Jan Magne Førde (Brazz-bror, du veit) laga ei flott stund med «Maraba Blues» av Abdullah Ibrahim, godt støtta på perkusjon av Jarle og Jo Inge.
Pärt – moderne og vakkert!
Sa nokon at moderne «klassisk» musikk er stygg og ubegripeleg? Da anbefaler eg Arvo Pärt! Den no 88-årige estiske meisteren «talar» med ein stemme du straks låner øre til. Fiolinisten Signe Weider Skjesol (med ein påpasseleg Trygve Brøske ved flygelet) delte hans «Fratres» (Brør) med oss. Med heile fiolinens klangregister mot smakfulle klaverfargar i bakgrunnen vart stykket eit av konsertens høgdepunkt. Dei to musikarane gjorde stor ære på både sine instrument, komponisten – og oss i benkane. Korleis skal ein for eksempel verdsette slike flageolettar – himmelklang skapt av buestrøk over ein felestreng?
Verdi gav frysningar
Høgdepunkta avløyste kvarandre. Den som venta genuint sakral-uttrykk i ein kyrkjekonsert, fekk det i fullt mon med «Quid sum miser» (Kva skal miserable eg seie?) og «Salva me» (Gje meg frelse) frå Requiem av Guiseppe Verdi.
På meisterleg vis hadde Trygve Brøske lagt originalsatsen (soli, kor og symfoniorkester) til rette for kveldens ensemble. Solistane Sigrid Bøe, Susanna Sundberg, Tobias Westman og Erik Rosenius tolka sine parti med gripande innleving og stor vokalklang. Støtta av dei åtte instrumenta gjenskapte dei musikken på ein måte som Verdi ville ha fryda seg over. Eller som ein tilhørar frå Todalen sa det: – Frysningane rann nedover ryggen på meg!
Genialt var det så at «Salve me» utan opphald gjekk rett over i finalen – «Bruremarsj» av kveldens trompetist Jan Magne Førde – med alle aktørane i storform.
Betre kunne ein ikkje avslutte ein konsert som vil glitre i glas og ramme i lang tid framover!