I går kveld opna Stangvikfestivalen med fullsett opningskonsert med Trygve Brøske, Marianne Meløy og fleire på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden. I kveld er det Operakveld i Todalen ungdomshus klokka 19:00 (dørene opnar klokka 18:00). Etterpå er det Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik klokka 21:30.
Til Operakvelden i Todalen ungdomshus er alle billettane selde, så her er det ikkje mogleg å få kjøpt billettar lenger. På Operakvelden får vi høyre internasjonale operasolistar saman med pianist. Det blir sal av desert, kaffe, brus, øl og vin.
Klokka 21:30 er det altså Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset.
Program og billettar Stangvikfestivalen 2024