Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvikfestivalen fortsett med kvalitet, intimitet og stor spennvidde

Elinor Bolme Onsdag 16. desember 2015

Stangvikfestivalen har kommet inn i det gode selskap og har etter ein grundig søknadsjobb fått tildelt 80 000 kroner fra Norsk Kulturråd si ordning med støtte til festivalarrangører. Dette er ei annerkjenning for det gode arbeidet som styret, dugnadsgjengen og ikkje minst dei kunstneriske aktørene har lagt ned gjennom mange år, skriv styret i ei pressemelding.

Med ein såpass smal festivalprofil som Stangvikfestivalen velger å ha, er det viktig at det kunstneriske er på øverste hylle. Med denne støtta saman med støtte frå Surnadal Kommune og lokale sponsorar kan dei no arbeide vidare med festivalprogrammet med forutsigbare økonomiske rammer. Programmet er under utarbeiding og smakebitar av det vil bli kunngjort utover vinteren/våren.

Fiskesuppe

Fiskesuppa var ein høgdare sist, og kjem nok ikkje bort under festivalen’16 heller.

For Stangvika og Surnadal Kommune vil dette befeste Stangvikfestivalen som ein livskraftig kulturinstitusjon på øvste hylle i nasjonal målestokk. Stangvikfestivalen ønsker alle nye og gamle festivalvenner velkomne til Stangvika siste helga i juli.

Logo-Stangvikfestival-medio2

 

Først publisert: 16. desember 2015, 23:17 - Sist oppdatert: 17. desember 2015, 10:13