Tordenskjold Songlag og Prosjekt 17 legg onsdag øvingskvelden sin til Stangvik kyrkje og inviterer alle til programmet «Salmesus». Breidda av kyrkjeleg songkultur fyller programmet – nytt og gammalt, frå mange land og tradisjonar, frå tangorytmer til lokale folketonar.
Salmeboka – ei gullgruve
– Salmeboka er ei gullgruve, med sine tusen gripande tekster og flotte melodiar. Vi oppfordrar folk til å synge med på vår opne øvingskveld, seier korfolka. Dei inviterer til både allsong, lytting og samsong: Eit lite «korverksted» involverer difor heile forsamlinga i enkle fleirstemmige satsar.

Frå tilsvarande songkveld i Stangvik i fjor: Tordenskjold Songlag leia av Elin Persson. Foto Bernt Bøe
Bach, Rutter og Wesley
Som kor framfører Tordenskjold satsar av bl.a. Bach og John Rutter. Prosjekt 17 syng også Bach, Wesley og to folkemelodiar frå nettopp Stangvik. Desse er nedskrivne i tradisjon etter klokkar
Christen Bruseth og handelsmann og søndagsskulelærar Johan Aasgaard. Elin Persson dirigerer Tordenskjold. Amund Valde, Oddveig Helset Halle og Bernt Bøe gir tonefølgje til songen.
Det er gratis inngang, men høve til å støtte kvelden med kollekt.
Prosjekt17-koret er medlem i Todalen.no