Stangvik Boligutvikling er no komne inn i ei ny fase, og er klare for å starte salet av dei 10 leilegheitene som er planlagt det tidlegare aldersheimbygget i Stangvik. Det fortel Bjørn Kristian Brøske, som er dagleg leiar for selskapet. Etter at Stangvik Boligutvikling kjøpte bygget har det vel og lenge vore drive planarbeid med tanke på å utvikle bygget til fleire sjølvstendige bueiningar som kan seksjonerast og tinglysast kvar for seg. No er det altså klart for å starte salsarbeidet.
Brøske fortel at det har vore stor interesse for prosjektet, og han har god tru på at en ganske raskt skal kunne få sal på fleire av dei 10 leilegheitene som er planlagt. Men han var samtidig tydeleg på at det var naudsynt å få sal på 7-8 av leilegheitene før ein kunne starte utbygginga av prosjektet som vil koste mellom 20 og 30 mill. kroner. I prosjektet er det både 2, 3 og 5-roms leilegheiter som dei har godt håp om å kunne omsette frå knappe 2 mill. og oppover pr eining. Det går iallfall ikkje an å gjera det billigare, for vårt selskap reknar ikkje nokon profitt på dette.
Målet er å selje til både nyetablerarar, yngre og eldre samt til sesongbustader eller fritidsbustader. Brøske seier at når dei klarer å realisere dette prosjektet så vil det bli eit viktig tilskot med 10 nye bueiningar i ei lita bygd med rundt 150 bebuarar – da har vi grunn til å være stolte. Brøske håper at ei slik satsing vil skape framtidig pågangsmot og gje eldsjeler mot til å satse.
Brøske skrytte av samarbeidet med Talgø Bygg som har vore ein viktig samarbeidspartner i dette prosjektet. Det har også arkitekt Georg Øye vore, og vi har hatt stor nytte av dette samarbeidet i den planprosessen som har gått føre seg. Svein Løvik i Talgø Bygg seier at Stangvik Boligutvikling har gått fram på rett måte med planarbeidet og Løvik tykkjer det er synd dersom slike flotte bygg ikkje skal bli med vidare og kunne nyttast ut. Vi på Talgø Bygg er smigra over at vi får være med på dette arbeidet, og sett stor pris at det er planlagt å bruke lokale leverandørar til prosjektet. Talgø Tradbo, Tingvoll Elektro og Rørservice er underentreprenørar i tillegg til Mesta Entreprenør på grunnarbeid og uteanlegg. Sparebank1 Nordmøre har vore finansiell rådgjevar og vil være med vidare på finansieringa av prosjektet.
No startar altså salsarbeidet, og dersom vi kjem godt i gang i sommar og haust, så er det kanskje muleg å få til ein byggestart i løpet av det komande året, seier Bjørn Kristian Brøske til slutt. nedafor kan du sjå korleis fasadane til ta seg ut etter utbygginga.