Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.
Sentralt står julesalmen «Fra himlen høyt» – som Marrtin Luther laga som krybbespel for familien. Den får ei enkel dramatisering på konserten. Vidare syng jentene og vaksenkoret både kvar for seg og saman. Nye juleviser og kjente hymner står på programmet – mest henta frå vår nye salmebok. Difor blir det også mykje allsong. Randi Vetleseter Bøe er kveldens tekstlesar.