Styret i Stangvik Historielag kallar inn til årsmøte i Myrvang forsamlingshus torsdag 29. februar klokka 19:00. Etter at årsmøtesakene er behandla, blir det servert mat og kaffe. Svein Sæter vil også kome for å presentere boka «Amerikabrev», boka med brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskene hans.
Saksliste til Stangvik Historielag sitt årsmøte ser slik ut:
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av møteleiar og sekretær for årsmøtet
- Val av 2 personar til å skrive under protokollen
- Årsmelding for 2023
- Rekneskap for 2023
- Val for 2024 v/leiar i valkomiteen
- Kontingent for 2025
- Innkomne saker til handsaming på årsmøtet
- Budsjett for 2024
- Forslag til og diskusjon av aktivitetsplan for 2024
Etter sjølve årsmøtet blir det altså mat og kaffe, samt ein presentasjon av boka «Amerikabrev» ved Svein Sæter, på rundt 30 minutt. I boka er det samla brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskena hans, redigert av Lars Ramsøy-Halle. Boka er ei lokalhistorisk interessant bok.
Boka vil etterpå bli å få kjøpt, dersom nokon ønsker det
Stangvik Historielag ønsker velkommen til årsmøte!