Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag med nytt årsskrift

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. desember 2024

I dag fekk vi overrekt Stangvik historielag sitt rykande ferske årsskriftet for 2024. Dette er det fjerde årsskriftet historielaget gjev ut, og det er på sekstiåtte sider. Årsskriftredaksjonen har denne gongen bestått av Lars Steinar Ansnes, Torbjørn Polden, Berit Anne Botten Røkkum og Marit Haugen. 

I årsskriftet kan ein mellom anna lese meir om Rømlingen i Kvenndalen – og måleriet han måla på hytteveggen, Kvennhusa i bygda, Stadnamna frå Søya til Strengen, Kvanne for 70 – 150 år sidan og Lærerik historielagstur til Smøla. 

Årsskriftet er rikt illustrert og det er mykje interessant å lese om mellom dei to permane, og årsskriftet frå Stangvik historielag er eit godt julegåvetips!

Årsskriftet er å få kjøpt på ARK Surnadal, ARK Sunndal, Joker Ålvundfjord og Matkroken Todalen. Ein kan også få kjøpt heftet ved å ta kontakt med Einar Grønnes (leiar i historielaget) eller Marit Haugen. 

Styret i Stangvik historielag har i 2024 vore samansett slik: Einar Grønnes (leiar), Marit Haugen (nestleiar), Lars Gudmund Røen (kasserar), Erling Myrbostad (sekretær) og Rolf Smisetfoss (styremedlem. Torbjørn Polden og Anny Haugen har båe to vore vara til styret. 

Publisert: 3. desember 2024, 16:26