Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik barnehage opna ny avdeling

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. januar 2016

Tilflytting og aukande behov for barnehageplass har vore ei utfordring for Stangvik barnehage. I dag er det 45 born i barnehagen, men snart blir dei 50. Før jul vart den nye avdelinga klar til bruk, og torsdag var det klart for offisiell opning av den 4. avdelinga ved barnehagen. Nå er det tilsaman 67 barnehageplassar ved dei 4 avdelingane, og det er i dag 17 tilsette ved barnehagen og snart blir dei 18.

Barnehagestyrar Gro Kvammen Sæter fortalte at dei starta planprosessen så seint som i mars i fjor og såg da at det var muleg å lage ei ny avdeling i den eksistrande bygningsmassen ved barnehagen. Og løysinga fann dei sjølve ved at dei omdisponerte bruken av lokala. Det gamle personalkrommet vart plass til ei ny avdeling og lageret var ny personalrom, samt at det var gjort ei lita ombygging av inngangen til den nye avdelinga.

Etter ein rask planleggjing var det alt i mai klart for å starte arbeidet med det bygningsmessige arbeidet. Dette er stort sett utført av kommunens eigedomsavdeling, med unntak av el-arbeid og rørleggjararbeidet. I tillegg har det vore leid inn snekkarar til å utføre det noko av det utvendig snekkararbeidet.  Det har vore flytta veggar, og heile barnehagen har meir eller mindre vore eit anleggsområde det siste halvåret. Både detilsette i barnehagen og eigedomsavdelinga har jobba godt saman og både styrar Gro Kvammen Sæter og einingsleirar Olav Rønning seier at det er utruleg kva ein får til når ein berre vil.

15 nye plassar er iallfall på plass, og den nye avdelinga var klar til innflytting straks før jul. Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik mente det var viktig å kunne tilby barnehageplassar når folk ønskjer å flytte hit. Løpande inntak gjennom året er i så måte viktig og dette har fungert bra ved Stangvik barnehage som har klart å dekke behove for opptak av nye born.

Sist torsdag var det offisiell opning og omvisning i barnehagen og da var alle innvolverte partar invitert med på feiring med kaffe og blautkake i all enkelhet.

Det var full aktivitet ved barnehagen da vi var innom, og det såg ut til at både borna og dei tilsette trivedes i den flotte barnehagen som det etter kvart har vorte.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Aktivitet_6385

Ein gjeng som var samla rundt bordet.

Aktivitet_6381

Hyttebygging på gang

Avdeling_6389

Oj san – uventa besøk i dag…

HelenSaksen_6383

Eventyrstund med Helen Saksen

EvenshaugenBarnehage_6397

Stangvik barnehage

Kaffelag_Evenshaugen_6394

Kaffelag høyrer med ved slike høve. Frå venstre kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik, styrar Gro Kvammen Sæter, vaktmester Arne A. Sæter, einingsleiar Olav Rønning, leiande vaktmester Ole Stavås, vaktmester Sjur Skuggevik og einingsleiar Bjørn Høivik.

Ledelse_6387

I den nye garderoben – frå venstre Bjørn Høivik, Olav Rønning, Astrid Mogstad Høivik og Gro Kvammen Sæter.

 

    

 

Publisert: 28. januar 2016, 19:53