Kasser for oppsamling av stamlaks er no på plass ved Toåa, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Dei siste par vekene har det pågått renovering av golvet i stamlakshuset, og derfor har det ikkje vore mottak av stamlaks. No er altså laksekara på plass igjen, og det er klart for å ta i mot stamlaks.
Elveeigarlaget tilbyr kr 500 for kvar stamlaks som blir tilbydd elvaeigarlaget. Kassane som er sett ut er tiltenkt for oppbevaring av stamlask til laksen kan hentast av elveeigarlaget. Dei ber om at stamlaks som blir fanga blir meldt inn på telefon 915 95 894, slik at det kan avtalsast henting. Det er frå 26. juni generelt krav om utsetting av holaks, men det blir gjort unntak for holaks som blir stillt til disposisjon som stamlaks.
Todalen elveeigarlag har sett ut stamlakskasser på følgjande plassar ved elva: Gunnøya og Båthølen ved gapahukene, Skjorahølen, Raudåhølen, Brusetbrua, Lakssteinen, Ramsøya, Hengebrua og Falløya ved gapahuken. Ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset poengterer at det no er viktig at fangstar blir meldt inn på www.todalslaks.no da dette skal rapporterast inn til Miljødirektoratet for midtsesongevaluering.