Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stamlaksfisket i gang i Toåa

Stamlaksfisket i gang i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. juli 2013

For å skaffe stamlaks til Statkrafts smoltanlegg i Rossåa er det nødvendig å få tak i stamlaks med «ekte» gener frå todalslaksen. Stamlaksfiske har derfor starta for sesongen, og vil påga framover til eit tilfredstillande antal er på plass i Stamlakshuset i Brusetmarka. Der blir dei seinare gentesta og godkjent eller dersom dei har feil gener blir dei avliva. Todalen elveeigarlag vil gjerne ha hjelp av laksefiskarane til dette, og honorerer dei som stiller laks til slik bruk med kr 500,-

Det er derfor sett ut laksekassar på fleire plassar langs elva til bruk for oppbevaring av laks til dei kan hente laksen med tankvogn for å frakte den til Stamlakshuset. Dei ber difor om at det tas kontakt med  Ola Bruset (tlf 915 95 894) eller Ståle Ansnes (tlf 901 62 280) dersom du har fanget laks som er plassert i ein av stamlakskassane, slik at det kan gjerast avtale om innhenting.

Det er plassert ut stamlakskassar på disse plassane langs elva: Oddøyhølen (nordsida), Båthølen (sørsida), Skjorahølen, Raudåhølen, Hagan, Brusethølen, Lakssteinen, Ramsøya og ved hengebrua.

Du kan lese meir om laksefisket i Toåa på nettstaden www.todalslaks.no som er nettstaden til Todalen elveeigarlag.

Først publisert: 2. juli 2013, 00:05 - Sist oppdatert: 1. juli 2013, 23:46