Trass i eit kraftig regnel i 11-12-tida og usikre vêrmeldingar, møtte 20 deltakarar opp ved Felleskjøpet i Halsa og vart med på stavgangturen til Megardsvatnet. Dette er òg ein av Stikk UT-turane i år. Vi parkerte bilane ved bommen før vi la på veg oppover. Vi var så heldige å ha med Hans Gujord som kjentmann og guide, og han fortalde namnet på alle plassane vi kunne skimta gjennom små opningar i skogen.

Alle 20 deltakarane samla til matpause oppe ved vatnet. I bakgrunnen ser vi seterstølen på Megardssetra; sjølve seterhusa er borte no, men vi kan sjå hytta som er bygd på tuftene av det gamle seterskjelet. Foto: Vidar Sogge
Komne opp til Megardsvatnet benka vi oss framom det fine Grillhuset til 4-H i Halsa og tok fram nistepakkane våre. Mange takk til Hans Gujord for den vellykka turen, og til Halsa 4-H for ”lånet” av bord og benkar!
Turen på torsdag neste veke går til Gammelfabrikken i Todalen, og vi går i fabrikken- og fossen sitt nærområde. Talgø sørger for ”opne dører” slik at folk kan sjå seg rundt – både ute og inne; og de treng ikkje å ta med stolar. Fotty: Joggesko.

Olav Øye (nr. 2 frå venstre) fortel ei artig historie som får fram smilet hos Lisbet Ranes, Jorunn Bævre, Margrete Rø og Lars Magnar Bævre. Foto: Vidar Sogge