Yr melder om ein stabil kald vêrtype, utan nedbør den komande 10-dagersperioden. Med stabil søraustleg vindretning mellom 1-3 m/sek vil det atter alt å dømme bli stabilt vintervêr her i området. Etter vêrmelding å dømme vil det bli temperaturar frå minus 2-3 og nedover til minus 5-6 grader – eller kanskje litt kaldare.
Etter ein lang midvêrsperiode ser det ut til å bli ideelle tilhøve isbanen på Bordholmen og for produksjon av kunstsnø i alpinbakkan i Sæterlia. Den naturlege snøen let imidlertid vente på seg, da det ikkje er melt nedbør i løpet av den komande 10-dagersperioden. Men det er fint å være ute, og det er ingen ting som hindrar oss i å ta på piggskor og ta ein fottur i Toåa tursti eller til fleire av trimpostane til T.I.L. – vil du ut på ski så må du nok litt oppi høgda – eller til Tjønnmyran.