Det ser ut til at forholda i Falla er stabile, etter at regnvêret har gjeve seg. Natt til fredag var det ekstremt regnvêr med 30-40 millimeter nedbær i løpet av nokre nattimar, og det var nok til å løyse ut nye ras i det rasutsatte området i Falla. I Løpet av går degen var det ikkje noko nedbør, og det ser no ut til at massane har stabilisert seg.
Laurdag føremiddag trefte vi både beredskapsvakta og driftsvakta som var på inspeksjon – Olav Rønning som var beredskapsvakt i kommunen fortalte at dei følger nøye med utviklinga i Falla og vil ikkje nøle med å sette inn tiltak dersom det blir nødvendig. Etter at regnvêret no har gjeve seg har massane roa seg ned såpass at det vil bli sett i gang litt opprydding og forebyggande tiltak over helga.
Eller har det den siste veka vore gjort fleire grunnboringar i områd. Dermed vil det etter kvart blir teke stilling til kva tiltak som er nødvendig for å sikre Dalavegen på lengre sikt.