Det som skulle bli ein triveleg St. Hans-kveld med mykje folk og stort bål, vart i staden ein regnfull kveld og paraplyvër. Det var Todalen grendalag som stod som arrangør, og det vart da både triveleg og det vart stort bål. Bålplassen ligg mellom fjæra og Sagelva og det var absolutt ein trygg bålplass.
Arrangementskomiteen sleit litt med å få bålet til å brenne, men etter kvart vart det skikkeleg fyr og god strålevarme som heldt knotten på ein armlengdes avstand. Grillen vart og fyra opp, og det var høve til å lage seg litt grillmat for den som ville.

Her er det fyr på storgrillen og klart for grilling – frå venstre Jo Gjeldnes, Kristoffer Nordvik, Ane Kårvatn Moen, Knut Halset og Anders Halset. Foto Jon Olav Ørsal

Den gamle flissiloen på Ansnessaga var rigga om til spisesal og krypinn mellom regnbygene. Foto Jon Olav Ørsal