Det blir i kveld felles St. Hansfeiring på Bordholmen frå kl 18 og utover kvelden. Vêrgudane held på og kjem i godlage, og lovar betre vër utover ettermiddagen og kvelden, fortel arrangementskomiteen som er Terje Nordvik og Knut Bergli. Todalen idrettslag stiller med varm grill og publikum tek sjølv med seg grillmat, og trøbiler og andre fasilitetar stilles til disposisjon for borna. Velkomen til St. Hansfeiring!