Nordvik Grendalag har hatt Sommarlotteri. Lotteriet hadde trekning under St. Hans-feiringa i går kveld. St. Hans-feiringa på Nordvik var i år lagt til Røs-Slettneset og samla knapt 50 personar, sjølv om vêret var litt grått og vått.
Under St. Hans-feiringa gjennomførte grendalaget trekning i Sommarlotteriet sitt. Vinnarane i lotteriet kan du sjå nedanfor:
- Sekk frå Nordvik Grendalag, verdi kr. 300,-, vinnar Kai Arnt Bjerknesli. Sekken er sydd av Nabisere (26) frå Kampala i Uganda.
- Kolonialkasse frå Matkroken Todalen, verdi kr. 300,-, vinnar Torgunn Nordvik
- Gåvekort frå Todalshytta, verdi kr. 500,-, vinnar Maria Mikkelsen
- Gåvekort frå Svinviks arboret, kaffe og dagens kake for to, vinnar Ingri Bruset
- Gåvekort på søndagskafeen frå Slettneset Steinovnsbakeri, verdi kr. 200,-, vinnar Knut Halset.
- Gåvekort frå Lia Gardsmat, verdi kr. 300,-, vinnar Nina Vikan.
Nordvik Grendalag selde totalt 233 lodd og fekk med det inn 11.650,- kroner.
Nordvik Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd i årets Sommarlotteri, og alle lokale bedrifter for sponsing av gevinstar til lotteriet.