Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SRK får startkontingenten – vil du bidra så må du hive deg rundt…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

Ræta Opp har ein sosial profil, og Todalen Idrettslag er så generøse at dei gir bort startkontingenten til eit veldedig formål.  I år er det Surnadal Røde Kors som er den heldige mottakar, og dei vart også inviterte til å promotere seg på Bordholmen under Todalsdagen.  Dei skal bruke pengane til gode formål lokalt, fortel gjengen som stilte på SRKs stand under Toalsdagen.  – Vi har eit utruleg stor engasjement lokal, og legg ned mykje arbeid i Hjelpekorpset som driv med redning og Omsorggruppa som driv både omsorgsarbeid og besøksteneste. 

På stand for Surnadal Røde Kors – frå ventre Nora Mellum og Oda Halle . Har du lyst til å bli med så er det berre å ta kontakt. Foto Jon Olav Ørsal

Det finns alltid behov for midlar til drifta – både til utstyr som vi bruker og til å dekkje løpande kostnader vi har i kvardagen.  Vi har heile tida behov for å dyktiggjera oss og å fornye utstyret for å bli meir effektive og for å dyktiggjera oss.  Vi er også i ein kontinuerleg prossess for å rekruttere nye medlemar som kan være med og drifte foreninga og være med og jobbe med omsorg og beredskap. 

Du kan enno være med og gje din skjerv til Surnadal Røde Kors:
Vil du være med og auke gåva til Surnadal Røde Kors så er det ikkje for seint enno – med Vipps kan du enno gi din støtte til TILs Ræta Opp-konto som har nr 107833 – startkontingenen er 50 kr for barn og 100 kr for vaksne.  All støtte går sjølvsagt uavkorta til Surnadal Røde Kors. 

 

Publisert: 1. juli 2023, 16:13