Når brannlaget i Todalen fyrer opp brannsprøytene og spyler plassen mellom Talgø-fabrikken og Halsbua er det på tide å finne fram 17. mai- sløyfa. Det er eit utruleg sikker tegn på at vinteren har slept taket, og våren er på full fart inn.
Heldig vis har vi skifte av årstidene, slik at vi får gleda av å markere skiftet. Og aller best er skiftet frå vinter til vår, for da blir det betre temperatur etter kvart og det blir lengre lysdagar og det blir etterkvart grønt – både grønt på marka og grønt lauv på trærne.
Vi sikra oss nokre bilde da Todalen brannlag tok mai-øvinga som spyling av plassen, for å få vekk all strøsand som har vore bruka i vinter. No blir det reint og friskt, og alt grusstøv er borte. Godt jobba gutter!