Fredag kveld starter Kårvatn Skimo med start kl 18:00 i Surnadal alpinanlegg, Sæterlia, der sprint er første aktivitet i Kårvatn Skimo 2024. Her er det start kl 18:00, med prolog og kvalifisering, og fortsett forløpande med heat og til slutt finale. I skrivande stund er det 16 påmeldte, men det kan enno bli fleire.
Deltakarlista ligg på Kårvatn Skimo si resultatside (klikk på linken), og her ligg også deltakarlister for dei andre øvingane og resultatlistene kjem her etterkvart. Som sagt så starter det heile i Sæterlia kl 18:00 i kveld. Laurdag arrangeres individuell i Dalalia på Kårvatn – her er det start kl 11:00 for konkurranseklassane og kl 10:00 for trimklassen.
I Dalalia blir det filma med drone, så her kan du sjå live kva som skjer (link til YouTobe her). Kjetil Sogge vil sørge for å halde oss orientert om det som skjer i Dalalia på laurdag. Kjetil vil også prøve seg på sending fra fredagens sprint i Sæterlia – her blir det sending på denne linken. Her startar sendinga ca kl 17.
Arrangøren har forresten fått mykje skryt for løypetraseen til sprinten – noko av det beste som har vore presentert både nasjonalt og mer enn det! Ei skikkeleg fjør i hatten for Halvor Drøpping som har lagt løypa, og løparane får bryne seg skikkeleg i kveldens arrangement.