Det siste døgnet har ekstremvarsel om stor flo fått stor fokus i media. Sjølv om området med ekstremvarselet var sør for stad, så var det Obs-varsel for Møre og Romsdal og Trøndelag. Vannstanden har ikkje vore så høg som frykta, verken sør før Stadt eller her på Nordmøre. Her i Todalen var den meir som ei vanleg springflo – slik som vi opplever kvar månad ved fullmåne.
Situasjonen ville nok vore ein annan, dersom det hadde vore skikkeleg veståver og storm. Da ville vi nok fått ein heilt anna effekt av springfloa eller stormfloa. Høgaste vannstand hadde vi i føremiddag kl 10.49 for Kristiansund (UTC+1) og ca eit kvarter seinare her i Todalen. På den tida tok vi ein liten rundtur for å kikke på floa, og her har vi lagt ut nokre situasjonsbilete frå den runden.