Etter værmeldinga har det vore varsel om høg vasstand i dag, med 50 cm over normal vasstand her på Indre Nordmøre. Men det vart slett ingen rekord, sjølv om det etter kvart vart mykje vatn.
Vi tok ein runde ut i dag mellom 12 og 12.30, og da hadde vasstanden såvidedt nådd full flod, og starta på nedturen mot fjøre igjen. Vi har bilder frå båthamna, Todalsøra, Ansnessaga og Bordholmen som er tekne onsdag rett etter flodtoppen. Det er nok fullmånen og den såkalla supermånen som aukar tiltrekkingskrafta og dermed auka vasstand.