Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Å, nei, dei skal ikkje til Geiranger. På Surnadal kino er det litt meir alvor, der dei mellom anna viser filmen Quislings siste dager.
«BRIDESMAIDS»
Filmen er frå 2011 og er nok ikkje ein film som vil skrive seg inn i filmhistoria med gullskrift. Til det er den nok for lite elegant. Men kvinnene i Bridesmaids vågar i alle fall å utfordre ein komisjanger som inntil da var dominert av såkalla «gutta-humor» – tenk på filmar som «Hangover».
Men kvinnene gjorde det på sitt vis. Og «dei» i denne samanhengen er mest Kristen Wiig, norskætta komikar som både var ansvarleg for manus og hovudrolle i filmen.
«Bridesmaids» handlar om ein gjeng brudepiker/forlovarar som skal sørge for at venninna deira skal få ei bryllaupsfeiring ho ikkje kjem til å gløyme. Og dei lukkast, for å seie det slik.
«QUISLINGS SISTE DAGER»
Filmen «Quislings siste dager» vil gå på Surnadal kino i utover neste veke. Filmen har fått varierande kritikk, frå ganske middels til heilt topp, men besøket har vore bra over heile landet – og ingen norsk film har hatt ei så bra opningshelg dette året.
«DEN VILLE ROBOTEN»
Animasjonsfilmen «Den ville roboten» er tilbodet på kinoen, til glede for dei yngste. Filmen har premiere fredag (21.09) og er laga av same selskap som står attom filmar som «Shrek» og «Kung Fu Panda». NRKs meldar er begeistra og meiner dei har lukkast på nytt: «Dette er nemlig et friskt eventyr med sjarmerende figurer og et visuelt uttrykk av ypperste sort» (5 på terningen).
Heile kinoprogrammet finn fu på surnadal-kulturhus.no/filmer/