Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spreke seniorar – sterk og stødig!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. mars 2023

Nytilsett folkehelsekoordinator i Surnadal kommune, Trine Kristiansen Glåmen, deltok på medlemsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 7. mars. Ho sette fokus på kor viktig det er å trene styrke og balanse når ein kjem opp i åra.

Glåmen er leiar for prosjektet «Spreke seniorar» i kommunen, og ho ønska å få i gang ei trimgruppe i Todalen med lokal instruktør. Det skal vere instruktørkurs i Kristiansund to dagar i veke 11. Dette er eit godt og viktig tilbod, da trening av styrke og balanse er svært viktig for alle, ikkje minst for eldre. Ein sterk kropp og god balanse gir god helseeffekt da det kan forebygge ulykker, fall og beinbrott. Eldre, norske kvinner er spesielt utsette for lårhalsbrott. Det er høgsesong for fall og beinbrott blant kvinner i vekene før jul, og dei fleste uhella skjer innomhus!

Trine Johansen Glåmen heldt eit interessant og fagleg godt innlegg om folkehelse, livskvalitet og fysisk aktivitet. Foto: Dordi J H

Glåmen kunne fortelje at det vil bli sett i gang ei trimgruppe i Bøfjorden, men ingen av møtedeltakarane tysdag kveld hadde anledning til å delta på kurs eller starte opp som instruktør no.

Men det er mange fine trimprogram både på nett og i Tv, så oppfordringa blir: Tren styrke og balanse heime i tillegg til å gå tur! Eller ta ein tur til Heitt og Sveitt! No er det forresten gode forhold for å gå på ski – da får ein trening for heile kroppen!

Interesserte deltakarar på medlemsmøtet. Fremst ser vi May-Elisabeth Holten, Jorunn Gislaug Ørsal, Trine J. Glåmen, Karen Johanne Talgø, Kari Kvendset. Goto: Dordi J H.

 

Først publisert: 7. mars 2023, 23:04 - Sist oppdatert: 8. mars 2023, 09:57