Arbeidet på rasstaden er kome igang, men det vil nok ta litt tid før vegarbeidet kan starte. Første må store steinblokker oppe i rasområdet fjernast, slik at det blir trygt å starte vegarbeidet. Tidens Krav skriv i dag at det kan ta nye veker før vegarbeidet kan kome i gang, og Ivar Hol i Statens vegvesen er usikker på kor lang tid det vil ta.
Det er Mikkelsen Maskin og Vatn maskinstasjon som har fått oppdraget med å lage veg opp til dei store blokkene som skal sprengast. Dette arbeidet er krevande og må fullførast før vegbygginga startar. Vi reknar med at det kjem meir informasjon om kva som skjer etter kvart som sikringsarbeidet blir ferdig.