Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Spredde hjertevarme – oppdatert med helsing!

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. september 2012

Dei fire orangekledde damene utafor Halsbua promoterte Sjømannskyrkja, som har aksjonsdag over heile verda i dag. Og dei serverte sjølvsagt gratis bakels, som er varemerket for Sjømannskyrkja over heile verda.  Todalen.no var sjølvsagt frampå for å få ein smaksprøve av bakelsa, og kan dokumentere at det var prima vare!

Sjømannskyrkja er tilstades i over 80 land, og dei har nok servert bakels til mange som har teke turen innon. I gamle dagar var det helst sjømenn som stakk innom når dei var innom ei hamn, meda det i dag er både studentar, turistar, trailersjåførar og andre som er hyppigaste gjestane. 

Du finn meir info om aksjonen på www.hjertevarme.no og på nettsida til Sjømannskyrkja.

Torbjørn og Rannveig helsar frå Costa del Sol!

Etter at vi skreiv om hjertevarme-aksjonen i Todalen, har vi fått ei helsing fra Torbjørn og Rannveig Brøske. Dei jobbar i Sjømannskyrkja i Costa del Sol. Dei skriv i e-posten til Todalen.no:
«Etter 3 år som sokneprest i Kristiansund, har eg og Rannveig tatt på oss eit vikariat på Costa del Sol, kor kyrkja El Campanario er samlinsstad for mange nordmenn på solkysten. Eg byrja i stillinga som sjømannsprest der den 28. august og har allereie hatt 7 vigslar og 3 gudstenester. Rannveig er «bryllupskoordinator» (kyrkja har 80 vigslar i året) og diakonal medarbeidaar. Etter 13 år ute som sjømannsprest tidlegare, er det interessant å vere tilbake i dette arbeidet igjen. Eg sender ei «hjertevarm» helsing til alle sjømannskirkens venner i Todalen og over heile landet. Takk for innsatsen – og velkomne innom.»

Med venleg helsing Rannveig og Torbjørn Brøske, El Campanario, Calahonda, Spania

Først publisert: 19. september 2012, 17:00 - Sist oppdatert: 21. september 2012, 00:17