Hubertine Roebroek er gartner på Hageland, og er no i full gang med å førebu våren og ny sesong i hagen. Det er enno god tid for å så dei fleste sortane, men det lønner seg å få enkelte frøsortar i jorda alt no – foreksempel chili, paprika og blomstersortar som blodbeger – og enkelte andre sortar. I butikken på Hageland finn du no både frø, såjord, gjødsel, minidrivhus og enkle lysanlegg – alt du treng for å starte tidleg.
Du treng ikkje nokon stor hage for å starte tidleg, seier Hubertine, men det lønner seg å planlegge hagen på eit tidleg stadium, og ta gjerne terassen i bruk etter kvart som våren nærmar seg. Startar du no, så kan du kose deg med planlegginga og få det slik som du vil i sommar. Bruk gjerne lys når du skal så inne, slik at du får betre resultat og plantene veks betre i rett lys og lengre lysdagar.
Dersom du treng hjelp for å bestemme deg for kva du sakl så, så har Hageland Surnadal flotte frøkatalogar med omtale av alle typar vekster, og dei har sågar tilbod på utstyr du treng for å kome i gang – både minidrivhus, enkle vekstlys og mykje anna.