Frank Spoon Botten og hans band Spoonman er ferdige i studio, og er klare for premieren som skal være i Surnadal kulturhus fredag 6. mars. Frank kjenner vi som lydmann både Todalshytta og i ungdomshuset, og no har han altså laga eit album heime i sitt Dreamfarm studio på Øyamoen i Surnadal – i lag med sine kompisar.

Fransk Spoon Botten er initiativtakar og drivkrafta i Dreamfarm studio på Øyamoen i Surnadal. Foto: Dreamfarm studio
Med seg på «laget», har han Ola Langli på gitar, Torbjørn Kvande på Bass og Jon Landsem på trommer – alle saman dyktige musikarar med lang fartstid og mykje erfaring.
No har du høve til å forhandskjøpe albumet. Det er nemleg laga eit lite opplag på ein eklusiv vinyl med CD inkludert. Dersom du klikkar deg inn på linken fnd.uz/SPOONMAN så kjem du inn på ei folkefinansieringsside i Surnadal Sparebank, der du kan sjå og høyre om korleis du kan kjøpe albumet «The Adamant».
Elles kan du og sikre deg billett til konserten den 6. mars i Surnadal kulturhus – her finn du linken til billettkjøp på direkten