Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sponsar vaksine til russen

Jon Olav Ørsal Fredag 18. november 2016

Sanitetskvinnene – det vil seie dei 7 sanitetsforeningane i Rindal, Halsa og Surnadal har teke initiativet til gratis vaksinering av avgangselevane ved Surnadal vidaregåande Skole. Dei har fått med seg næringslivet som sponsorar og blar opp 45.000 til gratis vaksinering mot smittsam hjernehinnebetennelse. I år er det 111 elevar som kan bli vaksinert, dersom dei tek i mot tilbodet.

Kvart år høyrer vi om ungdommar som har fått smittsam hjernehinnebetennelse og som svevar mellom liv og død. – Russen, eller ungdomar generelt er ei utsett gruppe for slik smitte – no vil sanitetskvinnene ta førebuande grep.

elinorheidi_6620

Elinor Bolme og helsesøster Heidi Elnes Fiske orienterte om vaksinasjonsprogrammet og finansieringa som er eit initiativ frå dei 7 sanitetsforeningane i Rindal, Halsa og Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er dei 7 sanitetsforeiningane i Rindal, Halsa og Surnadal som har teke initiativet for å få i gang gratis vaksinering for alle avgangselevane ved Surnadal vidaregåande skule. I praksis vil det seie at det er 111 elevar dette skuleåret, og består av russen og elevane på VG2 på yrkesfaglege linjer.

Noko av poenget er at det skal være gratis for elevane og at ein vil prøve å få alle til å blir med på dette vaksineprogrammet mot meningokokkar. Vanlegvis kostar ei slik vaksine 400 kroner, men no tek altså sanitetskvinnene initiativ til at det skal bli gratis. For at det skal være muleg har Sanitetskvinnene fått med seg fleire sponsarar, både frå næringslivet og frå andre for å dekkje kostnaden som blir rundt 45.000 kroner pr år.

Maren Ansnes i Todalen Sanitetsforening fekk oppgåva med å kontakte det lokale næringslivet i Surnadal. Ho kan fortelje at det var ein fornøyeleg jobb. -Alle er så positive når vi i saniteten atter ein gong ber om samarbeid for ei nok ei aktuell sak. Så langt har Surnadal sparebank, Svorka, SMN1 Surnadal,  og Gjensidige Surnadal og Rindalshytter og alle tre kommunane bekrefta midler til disposisjon. Nesten 20 000,- er så langt , men fleire har varsla at dette vil dei så klart støtte. Det betyr at vi heilt klart kan fortsette med dette prosjektet til avgangselevane i 2017 også, for vi i saniteten skal naturleg vis også betale vår andel, fortel ho.

Fredag hadde helsesøster Heidi Elnes Fiske samla alle dei aktuelle elevane ved Surnadal Vidaregåande skole til informasjon om vaksinasjonsprogrammet. Ho ga også informasjon om symptoma for sjukdomen og kvifor den nettopp råkar ungdommar. Ho ga si anbefaling for at alle elevane burde ta i mot tilbodet. Vaksinasjonsprogrammet starta ganske umiddelbart, med påmelding rett etter at pressa forlet området.

Publisert: 18. november 2016, 19:10