Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spleisar på ladestasjonar for el-bilar

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. mars 2014

El-bilar er på frammarsj og stadig fleire bilprodusentar lanserer sine alternativ til bilar med el-drift. I Surnadal er det enno registrert ei einsikra antal bilar med slik drift, men det kjem nok etter kvart fleire. Amfi Drift, Svorka energi og Surnadal kommune satsar no på at ladestasjonar skal være på plass på ettersommaren, og satsar på eit spleiselag, skriv TK i sin papirutgåve i dag.

DSC_9373

VW har alt sin e-up! klar for prøvekjøring i Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Plana er at det skal kome ein ladestasjon i området ved kulturhuset, og ein i Amfisentret. Det skal monterast såkalla fleksistasjonar, som alle typar bilar kan bruke. Det er i dag fleire forskjellige ladesystem for bilane som finns på marknaden. På ladestasjonen finnes ein felles kontakt «Type 2» som alle kan bruke når dei har med eigen kabel, fortel Einar Oterholm som er lokal representant for Grønn Kontakt i Møre og Romsdal og initiativtakar til prosjektet. På fleksiladestasjonane har du ein ladeeffekt på 22 kw, som vil gje ei ladetid på 1-6 timar avhengig av maksimal ladeeffekt til bilen. Den same type ladestasjon skal monterast ved Valsøytunet i Halsa, der stasjonen etter plana skal være klar til drift i juni. Fleksistasjonen vil bli som ein vanleg automat, der du kan fylle med kort. Batterikapasitet og kjørelengde kan variere mykje fra modell til modell, men ein rekanr med «drivstoffkostnad2 på ca 1/3 av vanlig drivstoff som bensin og diesel. Den første hurtigladestasjonen blir opna ved ferjekaia i Molde førstkomande torsdag. I tillegg er det også planer om eit par ladestasjonar på Sunndalsøra.

DSC_9377

Instrumentpanelet på en VW e-up! – enkelt og informativt. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har ikkje oversikt over bilmerker som i dag kan leverast med el-drift, men Sveen Auto har alt sin småbil VW e-up! på plass og klar for prøvekjøring for den som har lyst til å sjå og prøve. VW Golf med eldrift er også like rundt rundt hjørnet. VW e-up! er fullelektrisk, og har ein elmotor på 82 Hk. Med eigenvekt på 1139 gir den ein toppfart på 130 km/t og ei kjørelengde pr lading på inntil 160 km, alt etter temperatur og tilhøve elles kan eil lese i brosjyra.

DSC_9374

Interiøret i en VW e-up! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. mars 2014, 22:00