Torsdag kveld samla Todalen sanitetsforening sine medlemar og andre til helseforedrag i ungdomshuset. Det var Kari Løvendahl Mogstad som innleia om det alvorlege temaet og ga oss eit innblikk i kva denne sjukdomen står for.
Kari har opplevd spiseforstyrring i nær familie, etter som dottera Selma var råka av dette for nokre år sia. Det var ei gripande forteljing vi fekk høyre, og sjølv om både Kari og ektemannen er erfarne fastlegar i Trondheim, så kjente dei på maktesløysa når sjukdomen råka familien. Både Kari og dottera Selma fortalte openhjartig korlei sjukdommen vart oppdaga og korleis dei greip seg an for å kome seg ut av dette. Sjølv med lang legeerfaring følte Kari ei maktesløyse når ho oppdaga korleis dottera Selma var ramma. Ho fann fort ut at det ikkje fantes noko fasitsvar på tiltak og behandling av sjukdomen. Det er fleire typar spiseforstyrring og den rammar på forskjellig måte hos dei som blir ramma.
Mor og dotter – Kari og Selma har skrive bok om temaet. Boka heiter «Vår vei ut», og beskriv korleis dei kom seg ut av dette. – Den har på ein måte vore terapi for familien, og den siste tida har dei reist land og strand rund for å halde foredrag saman og for å promotere boka si, der dei openhjartig fortel om korleis dei har opplevd sjukdomen og korleis dei har klart å løyse flokane.Dei to snakka til eit lydhøyrt publikum i Ungdomshuset, etter bokbadet var det høve til å kome med spørsmål. Det er faktisk skremmande at så mange som 1 av 10 er ramma i større eller mindre grad. Bra at Saniteten arrangerer slike temakveldar som kan være med og gjere folk meir bevisst på problemet og gje tidlegare signal om at det er noko som ikkje er som det skal.