Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spilder ny nettbutikk på gang

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2019

Dette er den største satsinga vi har gjort på Kårvatn Fjellutstyr, seier Gudmund Kårvatn, og legg til at det sjølvsagt er unnateke bygginga av låven der butikken held hus.  Den nye nettbutikken blir egentlig felles for forbrukarkundar og forhandlarkundar, men ikkje heilt lik for dei to kundegruppene.  Det nye systemet vil forenkle arbeidet for dei som jobbar i butikken og vil frigjere meir tid for aktivt salg og betre service for kundane, seier Kårvatn.

Kårvatn fjellutstyr var pioner på randoneeutstyr – i dag er Kårvatn Fjellutstyr importør av merkevaren Skitrab – no vurderer vi å prøve oss på Sverige, seier Gudmund Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi har diskutert dette lenge og vore lenge i tenkeboksen før vi tok skrittet og sette i gang prosessen med å utvikle det nye butikksystemet som vil påvirke arbeidet vårt på mange måtar. Vi får rett og slett ein enklare kvardag med enklare rutinar både på innkjøp, lagerstyring, ordrebehandling, logistikk og økonomi.  No når D-dagen nærmars seg med stormskritt er vi sjølvsagt spente, og gler oss til å presentere den nye portalen til kundar og forhandlarar.

Fredrik Thoresen Sletten, som jobbar på Kårvatn Fjellutstyr, har bruka det meste av tida si frå tidleg i sommar til å legge til rette for at vi skal få ein smidig overgang frå det gamle til det nye systemet.  Han fortel at dei til no har bruka 3-4 forskjellige styringssystem, som no altså blir til ett. 
– Vi har også hatt god hjelp frå Multicase Norge som har utvikla og tilpassa programvaren for oss. Dei held til i Sandefjord, og vi har direkte kontakt med utviklarane, som har vore til stor hjelp i denne prosessen, seier Gudmund og Fredrik.

Butikken på låven ligg «motstrøms» til, men er godt etablert som nettbutikk – tysdag presenteres ein heilt ny og moderne nettportal. det skal gje oss eit løft framover, seier Gudmund Kårvatn. Foto: Jon Olav Ørsal

Ei bra nettside og nettbutikk er veldig viktig for oss, seier Gudmund. – Det er utruleg mange som er innom i løpet av eit døgn, og det er faktisk kundar frå nær og fjern som brukar nettbutikken – også lokale kundar er hyppige gjestar.  Her er det enkelt å sjå kva vi har på lager og enkelt å orientere seg om fargar og størrelsar og ikkje minst prisar.

No er alt klart for å flytte kundane over i den nye kundeportalen som vil være open 24/7 for både forhandlarkundar og vanlege forbruarar. I løpet av tysdag skal alt være klart til å «trykke på knappen», og nettbutikken finn du på www.fjellutstyr.no som før!

 

Publisert: 4. november 2019, 21:16