Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spesialistar på filming med drone

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2016

I starten av november hadde vi ei sak om asfaltlegging på Surnadal hamneterminal. Det var rundt 17 mål som vart lagt asfalt på – faktisk det største enkeltoppdraget som Veidekke Industri har hatt i år. Kristian Mossing var prosjektleiar for Veidekke, og da vi var innom for å forevige asfaltlegginga, var han i full aktivitet med filming med drone i hamneområdet. Klikkar du på linken nedafor så får du no sjå resultatet…..

mossing_drone1_6164

Drona til Kristian Mossing går inn for landing. Den har fire rotorer og er utstyrt med kamera for foto/film. Foto: Jon Olav Ørsal

Klikkar du på linken her så får du sjå videoen som Kristian Mossing laga frå arbeidet med asfaltering i hamneområdet. Det er Kristian Mossing som har laga filmen og har rettighetene. Kristian kan du treffe på telefon 934 72 964.

Kristian driv firmaet New View Media, saman med kompisen Thomas Negård.  Dei driv firmaet nærast på hobbybasis, men er etter kvart vorte kjent for sitt arbeid med film/foto og har spesialisert seg på bruk av droner i dette arbeidet.  Og Kristian fortel at dei har sørga for godskjenning som operatørar gjennom luftfarttilsynet, og kan dermed ta på seg film og reklameproduksjonar frå lufta – foto og kartlegging skogs- og landdbruksarearealer.

mossing_drone_6163

Her sender kristian ut drona på oppdrag. Asfaltarbeidet i hamneområdet var foreviga både høgt og lågt med drona. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 24. november 2016, 05:00