Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sper på reisekontoen

Elinor Bolme Onsdag 13. mai 2015

Det er ikkje berre poeng som skal sankast i vårsesongen for fotballgutane på G14 STKU. I kveld var dei saman med trenar, oppmenn og foreldre samla på Ansnes saga for å ta våropprydding for å spe på reisekontoen til dei skal til Norway Cup. Etter avtale med Møre Tre hadde dei fått oppdrag med å rydde rundt saga etter at sagbruket no har teke ein produksjonspause til sommars. Dette gir laget og klubbane kjærkomne pengar, slik at dei kan halda egenandelane til spelarane på eit minimumsnivå  når dei skal til Oslo på Norway Cup siste helga i juli.

Og oppmøtet var strålande tykte oppmann Kristin Bæverfjord, da ho rekna 14 spelarar og 7 foreldre som etter endt jobb kosa seg med pølser og brød sponsa av Terje Nordvik på Matkroken i Todalen.

image

Kirsti Solem og Tore Bæverfjord tek siste finpuss før dei seier seg fornøgd.

image

Gutane jobba iherdig, og vart litt forundra når dei fekk beskjed om at dei var ferdige.

image

Rolf Hunnes var sjåfør på gutane som kom fra Ålvundfjord/Ålvundeidet, og tok naturleg vis eit tak for laget.

image

Kronglete jobb å få opp alt som legg seg rundt om etter eit år med sagbruksdrift.

image

Til slutt vart det servering av pølser og brød, saft, kaffe, is og sjokoladekake. Terje Nordvik på Matkroken sponsa pølser med tilbehør og saft til. Laget helsar TerjeN mange takk for bidraget!!

Måndag spelar laget sin sisse kamp i kvalifiseringsspel for resten av sesonen. Gutane har vunne alle sine kampar så langt, og møter rival Surnadal på Syltøran førstkommande mandag kl 17.30. Ein farstsfylt kamp det kan være verdt å få med seg.

Publisert: 13. mai 2015, 21:31