Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spenning til siste minutt gav finaleplass

Elinor Bolme Torsdag 3. august 2017

Etter eit nervepirrande lokaloppgjør mellom Surnadal/Søya/Todalen og Halsa/Valsøyfjord i klassen G14 kunne SST gå jublande ut av derbyet med 3-2 til slutt og er no klare for finalespill.

Halsa/Valsøyfjord gjekk opp i leiinga etter berre 2 minutt og denne stillinga held seg til pause. Martinus Kvendset åpna 2. omgang med 1-1, før Halsa/Valsøyfjord gjekk opp i 1-2 igjen. Halvor Fjærvik fekk utligna til 2-2 i det 40. minutt før Lasse Vasseng Hansen satte punktum med 2-3 i det 43. minutt med golden goal. 

No ventar dermed finalen i B-sluttspelet i morgon klokka 16.30 mot Kråkerøy.

Todalsgutane Erik Kårvatn, Trym Schei Kvendset og Henrik Kvande-Talgø juble etter nok ein seier! Foto Gudmund Kårvatn.

Ikkje berre berre å være tilskodarar på slike kampar…. spenning på begge sider av kvitlinja.

 

Og godt med tilskodarar frå omreisande fotballpatriotar.

Publisert: 3. august 2017, 16:48