I kveld var det ein målrik fotballkamp på Bordholmen. Det var lokaloppgjør av beste sort, mellom G10 laga Søya/Todalen og Surnadal. Surnadalsgutane gjekk knallhardt ut og scora to raske mål før Søya/Todalen fekk summa seg. Men dette klarte dei fint å snu, og gjekk til pause med ledelse.
Etter pausen var det målrikt til begge lag, med store sjansar og godt keeperspel av begge dei unge keeprane. Sluttresultatet vart 10-5 til Søya/Todalen.
![image](http://todalen.no/wp-content/uploads/2014/09/image16-430x289.jpg)
Dommar Terje Nordvik måtte blåse til straffe etter ei klar felling med innlagt rulling til Søya/Todalen.