Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande på Nordvik – utgravingane fortsett

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. november 2018

Feltleiar Monica Svendsen frå NTNU Vitenskapsmuseet la ikkje skjul på at ho er spent på kva dei kjem til å finne, når dei no fortsett utgravingane på Øygarden bustadfelt. På seinsommaren var dei her og gjorde funn av fleire røysfelt, og det er gode sjansar for at det er gravfelt seier ho. – Sist dei var her gjorde dei fleire funn av branngraver, med kull- og beinrestar. Svendsen trur det er liten sjanse for at det blir gjort funn av ting saman med gravene.

No stiller NTNU Vitenskapsmuseet med ei tropp på 5 arkeologar, og dei siste par dagane har dei rigga til eit stort telt som dekker det meste av feltet som vart funne.  Teltet er utstyrt med ein stor dieselvarmar som skal klare å halde god arbeidstemperatur og det er også utstyrt med lysarmaturar. 3,5 veke reknar dei med å bruke på utgravingane her, og dei håpar at dei blir ferdige til 15. desember som er sett som sluttdato for arbeidet. Det blir iallfall spennande å følgje med på utgravingane og kva som blir funne?

Gravfeltet ligg på ei av tomtene i det nye bustadfeltet. No startar utgravingane, og skal pågå i 3,5 veker. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. november 2018, 16:30