I innspurten inn mot jul blir det ei spennande tid i restauranten på Todalshytta. Det er opplegg til mange kveldar med mykje god husmannskost – tradisjonsrike rettar for oss som likar god mat. Vi kan berre nemne tjukkerter, kjøtt & påsse, lutefisk, sildball, potetball, juletallerken – med og uten pinnekjøtt, Julebuffet og til og med ein frisk og smakfull Thai-buffet vil restauranten by på, fortel Arve Evensen – vert på Todalshytta.
Vanlegvis er Todalshytta stengt på denne tida av året, men i år er det installert nye varmepumper som kjem til å gå for fullt. – Vi skal nok klare å halde god og komfortalel varme, dersom det ikkje blir fimbulvinter da, seier Arve som er stolt av menylista han har laga og all den god maten som skal bys fram til gjestane. Vi er avhengige av bordbestillingar, slik at vi kan sikre oss at det blir både nok plass og nok mat. Spesielt på Thai-buffen den 19. november er vi avhengig av bestilling innen tysdag 15. november – her er det nemleg litt meir førebuing enn elles.
Første kvelden er det tjukkerter som står på plana, og dette blir ein spennande rett – laga etter gammel oppskrift og her er det bruka skank, og sjølvsagt godt tilbehør. Det skjer alt torsdag 3. november i midten av neste veke. Vidare går det slag i slag med kjøtt & påsse som søndagsmiddag den 13. november. Nedafor har vi lagt ut menylista for temakveldane utover førjulstida – her kan du studere menyen i ro og mak, før du kaster deg på telefonen og ringer inn bestillinga, seier Arve Evensen på Todalshytta. Telefon eller SMS for bestilling 929 97 550
Her kan du laste ned førjulsmenyen som PDF-fil til utskrift i A4
Todalshytta er medlem i Todalen.no.