Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spennande dag på open verkstad i Bekkerhagan

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. juni 2025

Laurdag hadde Skulstuå ein «sprett-opp-kafé» i Bekkerhagan, med nykoka kaffe og eit rikhaldig kakebord. Her fekk besøkjande ta del i den livlege samtalen rundt langbordet etter at dei hadde vore innom verkstaden til kunstnar Siri Skjerve. I verkstaden fekk dei mellom anna høyre om korleis Siri behandlar skinna ho brukar i skulpturane sine, der nokre av døma var råhud som har vore lagt i Toåa for avhåring, medan andre var feittgarva med hjerne. 

Triveleg rundt kaffebordet i Bekkerhagan.

«Eg hadde inntrykk av at det var mange som var interesserte i kva ein kan få til med skinn som materiale», seier Siri. «Eg set stor pris på samarbeidet eg har med jaktlaga i Todalen og med Skulstuå. Eg håpar dei som kom, fekk ei god oppleving». 

Visninga i verkstaden til Siri Skjerve var ein del av programmet til Surnadal Open, som har mange spennande arrangement på programmet denne helga. 

todalen.no ønsker Siri Skjerve lykke til vidare med kunstnarkarrieren!

Takk til Ragna Kvendset/Skulstuå for innsendt bidrag, tekst og bilete.

Fleire bilete:

Vel møtt til verkstaden til Siri Skjerve.

Delikat oppdekking.

Publisert: 21. juni 2025, 19:25