No i kveld spela G10 Søya/Todalen sin andre seriekamp på Bordholmen. I kveldens kamp møtte dei laget frå Surnadal, og sigeren vart denne gongen i favør til surnadalingane. Dei vann rundt om slik cirka 16-1. Men todalingane hengte ikkje med hovuda for det i strålande maisol på den beste grasbanen i mils omkrets.
Laget hadde og fått seg heilt nye drakter, spesialbestilte i todalens fargar. Bak frå venstre; Henrik Kvande Talgø, Emma Sæther, Jens Olav Moe og Kevin Anders Brusethaug. Framfor frå venstre; Bror Sæther, Marit Ingeborg Ansnes, Kristiann Hauglann Talgø og Eivind Bolme. På langs: Ola Bolme.
Surnadalingane hadde mange sjansar, og fekk som nemt heile 16 scoringar, her er eit av langskudda som vart avfyrt. Målscorar for Todalen var Emma Sæther.
Takk for kampen!! Og rett i bakels- og iskø….