Det var eit kjempefint innslag frå WC i randonee i Tromsø – dagens idividuelle konkurranse hadde 62 deltakarar i seniorklassen for mann, og dagens vinnar i seniorklassen vart Remi Bonnet frå Sveits på tida 1:05:02,67. Beste nordmann vart Hans Inge Klette på 16.-plass, medan Trym Dalset Lødøen kom på 22.-plass. Erik Kårvatn gjorde og eit kjempeløp og kom på 28. plass på tida 1:17:00,10. «Solid for ein unggut som enno har mykje å lære å kome inn på topp 30-lista», var kommentaren til NRK-reportaren.

Hans Inge Klette vart dagens beste norske utøvar – han kom på ein 16.-plass. Tenkte vi skulle få bilde frå målgangen til Erik, men da måtte det puttes inn eit intervju med Remi Bonnet! Skjermdump frå NRK
Totalt var det 62 som starta i seniorklassen i dagens individuell konkurranse, og det gjer ikkje prestasonen mindre at 20-åringen startar i seniorklassen og konkurrerer med verdens beste randonee-løparar.
Dagens sending frå Kvaløya imponerte nok stort nedover kontinentet – snakk om fine bilder og fin turistreklame for Tromsø – presentert i sol frå skyfri himmel.