Torsdag var det celebert besøk på Todalsfjorden – 6-7 spekkhoggarar stakk innom på ein lynvisitt. Etterpå forsvann dei like fort som dei kom – da bars det utover fjorden med dei igjen. Ein observant lesar oppdaga spekkhoggarane på tur innover fjorden, og trudde først at det var niser som var på besøk. Men oppdaga etter kvart at det var noko som ikkje stemte. Ein kjapp telefon, så var vi påkobla og vi fann dei raskt på den speilblanke havflata.
Første kontakt hadde vi uti stranda – rett utafor raset. Da var dei på tur innover og det bars i retning båthamna. Så dreide dei mot Todalsøra, og fortsette utover forbi Hegerneset. Vi forflytta oss utover til Ansnessaga og da tok det ikkje lang tid før dei kom gjennom Hyllnesbukta og forbi Ansnessaga og utover til Ansneset. Her fekk vi rimeleg godt tak til å ta bilde av nokre av dei.
Artig besøk – eit skikkeleg avbrekk i kvardagen og ei stor oppleving for ein landkrabbe frå Husbylegmålet 🙂
Fakta: Spekkhoggarane kan bli opptil 3-4.000 kg og bli mellom 50 – 90 år skriv Wikipedia. Dei skriv og at den er ein kval som høyrer til delfinfamilien.