Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spekkhoggarar på besøk på Nordvik og i Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2019

Vi har fått fleire meldingar om spekkhoggarar som er på Nordvik- og Todalsbesøk.  Eva og Odd Arild Sande var ut på spasertur i standlinja da dei fekk sjå «følget» som fôr forbi. Sande trudde det var 5 stykker som jakta i Todalsfjorden i dag, og fekk iallfall nokre bilder med sitt mobilkamera.

Spekkhoggar som er oppe for å «trekke frisk luft». Foto: Eva og Odd Arild Sande

Straks etter fikk vi melding om at dei var observert i Todalen, og da er det kanskje fleire som har sett dei?  Får du bilde av dei vil vi gjerne ha bilder som vi kan publisere her på Todalen.no, så det er bare å hive seg rundt og ta med kamera….. 

Fra Kenneth Sæterbø har vi fått eit bilete som tydeleg viser at det er spekkhoggarar som har vore på visitt på Nordvik – på tampen av dagen var det nok litt dårleg fotolys, men bra lell!

Først publisert: 24. november 2019, 14:47 - Sist oppdatert: 25. november 2019, 08:52