Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank med stor gåve til nærmiljøanlegget

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juni 2024

På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme. 

– Vi sendte inn søknaden søndag, og den vart behandla og innvilga måndag kveld, så dette var skikkeleg ekspressbehandling, legg ho til.  

Nærmiljøanlegget på Bordholmen er under bygging, men allerie er det stor aktivitet på anlegget. Foto: Privat

Nærmiljøanlegget på Bordholmen stadion hadde i 2022 ein budsjettert totalkostnad på rundt 600.000 kroner og skulle finansierast med tippemidlar til nærmiljøanlegg, eigenkapital og dugnadsarbeid. – Så langt ser vi at totalkostnadane til anlegget vil komme på 150 – 175.000 kroner meir enn det som vart budsjettert i 2022, så blant fleire ting «kasta vi oss rundt» og sendte inn ein søknad til Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, fortel Elinor. Så vi vart kjempeglade, og ikkje minst takknemlege for den raske behandlinga og det positive svaret frå styret i Sparebankstiftelsen, seier ho.  

Elinor understrekar at støtta frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank er eit særs viktig bidrag i fullfinansieringa av nærmiljøanlegget. – Anlegget vil vere ein viktig arena for inkludering og fysiksk aktivitet, både for bygdefolket og tilreisande, avsluttar Elinor. 

 

Først publisert: 11. juni 2024, 15:50 - Sist oppdatert: 12. juni 2024, 14:04