Tysdag 25. mars arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag i Surnadal. Det er ein godt innarbeidd tradisjon no – første gongen var i 2001, og sia er det arrangert kvart år, med unntak av eit par covid-år, fortel banksjef Troelsen.
Dei siste åra har vi samla rundt 200 deltakarar på konferansane, og så lenge det er så bra deltaking så er det vel verdt alt arbeidet med å være arrangør, fortsett Troelsen. – Vi har lagt stor vekt på å hyre inn dyktige og aktuelle foredragshaldarar og har lagt stor vekt på at denne dagen skal være eit godt og sosialt treffpunkt med tanke på bygging av nettverk.
Vi har lagt vekt på at det skal være et treffpunkt både for næringslivet og for politikken, og difor har vi lagt vekt på stor bredde både tema og fag – slik er det i år og, der dei fleste foredragshaldarane kjem frå eksterne miljø men samtidig snakkar eit språk vi forstår.

Leiinga i banken gler seg til å arrangere ny næringslivsdag den 25. mars – frå venstre Ole Magnus Løwe, Allan Troelsen og Liv Dalsegg. Foto Jon Olav Ørsal
Utdeling av utviklingsprisen står på programmet denne gongen og – det er 23. gongen at den deles ut, og vi tykkjer at det er prektig at vi også denne gongen har fleire aktuelle kandidatar til å ta i mot prisen. Kven som skal få prisen er enno hemmeleg, og det vil forbli hemmeleg til utdelingsdagen. Det er imidlertid ein pris som heng høgt, og som blir sett stor pris på.
I år er det eit rikhaldig program som inneheld mange kjente namn, Vi kan nemne Elisabeth Holvik med sine makroøkonomiske betraktningar, Gjermund Eide frå Kruse Larsen, Wenche Eldegard frå Hydro og Sigmund Aandegstad frå Pipelife.
Etter Lunch startar programmet med utdeling av utviklingsprisen, før Kristin Clemet fortsett med «Politikk i urolige tider». Vidare blir det meir sikkerhet og beredskap med Carl-Axel Hagen før Hensrik Syse skal lære oss å ta vare på dei viktige tingane. Som vanleg er det Jan Erik Larsen som skal rettleie oss gjennom næringslivsdagens program.
Meir informasjon om næringslivsdagen finn du på bankens nettside og finn både oversikt over foredragshaldarar, program og side for påmelding til konferansen.