I slutten av mai tikka det inn ei gladmelding frå Samfunnsutbyttet i SpareBank 1 SMN til Todalen Idrettslag. I meldinga fekk idrettslaget beskjed om at SpareBank 1 SMN hadde gjeve 20.000 kroner i gåve frå Samfunnsutbyttet til kjøp av kantslåmaskin og veghøvel, primært for bruk i Toåa tursti og på Bordholmen.
Som sikkert mange har lagt merke til, så har både kantslåmaskina og veghøvelen allereie vore bruka fleire gonger i Toåa tursti. RBL i Rindal leverte nemleg utstyret i månadsskiftet mai/juni. Gåva frå SpareBank 1 SMN dekker nesten halvparten av investeringskostnadane.
I meldinga frå banken heiter det: – Gjennom snart 200 år har Sparebank 1 SMN bidratt til utviklingen av bærekraftige lokalsamfunn i Midt-Norge. Nesten 40 % av banken eies av lokalsamfunnet. Derfor går også en rettmessig andel av overskuddet tilbake til samfunnsnyttige formål.
Vidare heiter det: Som en del av dette har banken gitt kr 20.000 Todalen IL og Toåa tursti for oppgradering av turstien. Banksjef Berit Skralthaug og Finansrådgiver Kjell Runar Otnes er veldig glade for å kunne dele ut av bankens overskudd til lokale lag og foreninger i Surnadal. Vi ser at det er stor dugnadsinnsats og høyt lokalt engasjement i Todalen og vi håper derfor at støtte kommer godt med, avsluttar dei to.
SpareBank 1 SMN har tidlegare, gjennom Samfunnsutbyttet, gjeve 50.000 kroner (2019) til bygging av Toåa tursti og 15.000 kroner (2021) til Trimpoeng-appen.
– Todalen Idrettslag er veldig glad og takknemlige for den økonomiske støtten vi har fått fra SpareBank 1 SMN, gjennom Samfunnsutbyttet, seier Elinor Bolme, leiar i Todalen Idrettslag.
– Slik støtte gjør det enklere å realisere prosjekt som er til allmenn glede både for bygdefolket og tilreisende, avsluttar ho.