I mai fyller SpareBank 1 SMN 200 år. Dette feirar dei, mellom anna, med å sette av ti millionar kroner til ei eiga støtteordning retta mot barn og unge, som av ein eller annan grunn fell utanfor dei organiserte aktivitetane. – Målet er å bidra til mindre utenforskap, seier banksjef Berit Skralthaug. Jubileet vil sjølvsagt bli markert på andre måtar i løpet av våren, kan banksjefen fortelje.
Den 15. februar lanserer SpareBank 1 SMN ei eiga støtteordning retta mot barn og unge, med hovudvekt på å inkludere denne gruppa i eit fellesskap. Med denne ordninga ønsker banken å legge til rette for at lag og organisasjonar som jobbar med tiltak mot utanforskap skal få moglegheit til å gjennomføre enda fleire aktivitetar.
I pressemeldinga frå SpareBank 1 SMN heiter det:
– I vår 200 år lange historie har vi tradisjon for å støtte opp om lag og foreninger. Det er vi svært stolte av, men vi ser også en økende andel barn og unge som faller utenfor de tradisjonelle aktivitetene. Vi vil at det skal være plass til alle! Derfor lanserer vi nå denne støtteordningen som spesielt setter søkelys på inkludering og fellesskap, altså sosial bærekraft, sier banksjef Berit Skralthaug.
Færre unge deltek
Ungdata si undersøking i 2022 viser at stadig færre unge deltar i organisert fritidsaktivitet og at nedgangen tok til før koronaen råka oss.
– Om årsakene er presset økonomi, mental helse eller andre faktorer – så er det viktig å ta tak i utfordringen og gjøre noe med det! Alle fortjener å være en del av et felleskap, og for barn og unge kan det være ekstra vondt å stå utenfor, fortsett Skralthaug.
I pressemeldinga opplyser banken at dei tidlegare har gjeve økonomisk støtte til aktivitetar for barn og unge. Nokre av aktivitetane som har fått slik støtte. Gjennomføring av aktivitetar og opplevingar for barn og ungdom i regi av Surnadal Ungdomsklubb, sommarskule i Oppistua Torvik, strikkekaffe for barn og ungdom i regi av Grøa Bygdelag, Familiedag (mini Gjæra Gjøra) og nytt utstyr til ungdomsklubben på Sunndal, er døme på aktivitetar som har fått økonomisk støtte frå SpareBank 1 SMN dei siste åra.
– Vi håper nå på enda flere gode initiativ og søknader til aktiviteter rettet mot barn og ungdom i Surnadal og Sunndal, oppfordrar Skralthaug.
– 200-årsjubileet skal også feires med ei lokal markering, avsluttar Skralthaug.