Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spansk Aften på Pakkhuset

Spansk Aften på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 9. august 2013

På Pakkhuset er det «spansk aften» i kveld. Påmeldingslista på Matkroken er snart fullteikna, og på Pakkhuset har det vore full fart på kjøkkenet i heile dag. Det er Siri Lund (Siri har aner frå Holmatrøa) og Francesc Peres som er gjestekokkar, og dei kan by på ekte spansk mat i kveld. Vi har laga mat til 100 personar, og reknar med at det blir fullt hus i kveld, seier vertinne Synnøve Helland ved Pakkhuset Kro. Pakkhuset pub opnar kl 19.30.

Skyss blir det også råd med for den som ønskjer det.   Minibussen som er i Todalen for å frakte folk til hurtigbåten vil sørgje for skyssen, fortel sjåfør Dordi Settemsdal. Du kan berre bestille skyss hos Dordi Settemsdal på telefon 926 71 199. Ho vil helst ha bestilling frå grupper slik at dette blir enkelt.

Publisert: 9. august 2013, 17:57