Det var Siri Lund og ektemannen Francesc som inviterte til spansk aften i Skulstuå. På menyen stod det ekte spansk paella og dette trekte tilnærma fullt hus i Skulstuå. – Siri og Francesc bur begge i Alfaz del Pi i Spania, den ho arbeider som norsklærar og han er spansklærar – kokkeleringa skjer på hobbybasis, men dette fekk vi erfare at var ein god kombinasjon.
Francesc er familiens paella-ekspert, og har lært mange god oppskrifter etter mora – og ho var nøye på korleis paellaen skulle smake, skyt Siri inn. Og vi kan vel berre bekrefte at oppskrifta smaka fortreffeleg. Til forrett fekk vi tapastallerken som bestod av Potetomelett Tortilla espanola, ekte spansk Serranoskinke, Russisk salat og Manchego-ost. Hovudretten var sjølvsagt paella med kylling, ris med safran og mykje anna godt oppi.
Siri og Francesc har vore i Todalen dei siste 19 åra i samband med Halle/Hoems gladdager i veke 32, og vi har tidlegare delteke på spansk aften på Pakkhuset, men denne gongen var det altså Skulstuå som var arena for arrangementet. Siri har forresten bestefar frå Oddøya i Todalen og bur no nokre dagar i familiens hytta i Holmatrøa.

Dei første gjestane – Lars Kvendset, Bernt Venås, Gro Venås, Ingrid Palmieri og Olaf Østbø. – Det kom forøvrig gjestar både frå Stangvika, Surnadal, kristiansund og Todalen. – foto Jon Olav Ørsal
Til neste år er har Siri og Francesc 20 årsjubileum så da reknar vi med at det blir reprise, og Siri lova at det skal bli nye smaksvariantar med paela på tallerken?

Tapastallerken til forrett – her finn vi potetomelett Tortilla espanola, Serranoskinke, Russisk salat og Manchero-ost. Foto Jon Olav Ørsal

Rundt bordet – frå venstre Terje Nordvik, Endre Talgø, Amine Bouhouche, Marte Talgø og Lars H. Kvendset. Foto Jon Olav Ørsal