Søyacupen 2024 vart arrangert på Søyabanen laurdag, og med 81 påmeldte lag og mellom 5700 og 600 spelarar, så var årets utgåve av cupen den største som nokon gong har vore arrangert. Som vanleg var trivselsfaktoren høg, og det bittelille regnet som vêrgudane varta opp med mot slutten greidde ikkje å endre på dette.
Søyacupen skapte også i år menge nye fine fotballminne for mange av dei innpå 600 spelarane, som var i alderen 6 – 12 år. Vi fekk under cupen sjå enkelte gode enkeltmannsprestasjonar, men framfor alt mykje godt lagspel! Vi fekk til og med sjå noko så sjeldan som ein 0 – 0 kamp. Det hender ikkje ofte i barne- og ungdomsfotballen.
Alle spelarane som deltok på årets Søyacup fekk sjølvsakt deltakarpremie.
Under årets Søyacupen vart det spela fotball på åtte banar, og det vart spela 3-er, 5-er og 7-er fotball. Magne Hansen var, som vanleg speaker og hadde full kontroll både på tida og scoringane i dei 123 kampane som vart spela.
Leiar i IL Søya si fotballgruppe, Leif Magne Andersen var strålande nøgd med årets cup. – Vi greier å sette ny rekord med 81 påmeldte lag i ei tid der fleire andre cupar slit med å få nok påmeldingar, og det må vi seie oss godt nøgd med seier han. Eg trur vi har eit godt rykte på oss, også utanfor nærområdet vårt, og det gjer at mange lag tidleg i sesongen bestemmer seg for å vere med her. Tidspunktet for cupen er nok også eit positivt moment, rett etter at skulen har starta oppatt etter sommarferien.
Leif Magne nyttar også høvet til å takke alle dei frivillige som kvart år er med og bidreg til at det er mogleg å arrangere Søyacupen. – Vi hadde aldri greid å arrengere eit så stort arrangement utan alle dei frivillige! Vil også takke dei over to tusen besøkande for besøket, avsluttar han.
Sjølvsagt var det open kiosk med sal av mellom anna bakels med graut, kaffe og is. I tillegg var det sal av velsmakande grillmat.
Søyacupen er den største eindagarscupen i regionen, og vart i år arrangert for 23 gong. Så da kan arrangørane av årets Søyacup nøgd notere nok ein vel gjennomført og vellykka cup i minneboka si! Vi gratulerer med vel gjennomført cup, og takkar for oss!